2.div: Fyllingsdalen - Kaupanger

Kaupanger hadde god kontroll på kampen i fyrste omgang. Me var ofte på halvdelen til Fyllingsdalen, men kom ikkje til dei store målsjansane. Ylinn Tennebø sendte Kaupanger i leiinga etter 30.min etter ein corner som ho heada inn i mål. Like etterpå gjorde keeperen til Fyllingsdalen ein mega brølar, ballen trilla under foten hennar etter eit tilbakespel, men dessverre for oss så gjekk ballen utanfor mål. Me gjekk til pause godt fornøgde med fyrste omgang.

I andre omgang så lykkast me ikkje så godt som i fyrste omgang. Fyllingsdalen stod høgare og sendte gang på gang lange ballar opp i bana.  Kaupangerspelarane vart for stressa når dei fekk tak i ballen og gjorde mange enkle feil. Då fekk me ikkje til det gode spelet som me viste i fyrste omgang. Det resulterte i mange gode overgangar for heimelaget, men oppofrande forsvarsspelet hindra Fyllingsdalen tilgang til mange avslutningar. Kaupanger fekk også mange gode overgangar og burde utnytta dei betre. Både Tea Berteig og Elemine Ellingsund Øyra har gode moglegheiter til å auke leiinga.

I sluttminutta fekk heimlaget straffespark då dommaren meinte Åshild Haugen takla ureint ein spelar på veg igjennom. Veldig billig etter vårt syn, då Åshild heilt klart er på ballen fyrst. Linn-Mari Nilsen redda uansett straffa meisterleg med ein tigerredning opp i høgre hjørna. 

Like etterpå fekk Fyllingsdalen eit håplaust idømt frispark like utanfor sekstenmeteren. Karianne Kvam Gurvin vart avblåst for hands når ballen traff brystkassa. Linn-Mari redda også dette skotet med ein strålande redning. 

På slutten av kampen fekk heimelaget ein spelar utvist. Ein totalt håplaus takling med strake bein på Ylinn Tennebø resulterte i spelaren sitt andre gule kort og dermed raudt. 

Elemine Josefine Ellingsund Øyra og Henriette Jagedal debuterte for Kaupanger i dagens kamp! Henriette spelar frå start og spela ein god kamp som høgreback. Ho redda mange farlege situasjonar med tøft duellspel. Elemine kom inn som høgrekant dei siste 21.min. Ho viste god nærteknikk og var farleg frampå med eit par avslutningar. Gratulera til begge to! 

No ser me fram til ei god treningsveke før Fana kjem på besøk på laurdag.

Kampfakta: 
Fyllingsdalen - Kaupanger 0-1 (0-1)
0-1 Ylinn Tennebø (30. min)

Laget: 4-2-3-1: Linn-Mari Nilsen, Henriette Jagedal (90+2 Stine Gjerde), Ingri Ness, Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad Andersen, Tea Berteig, Marie Ruud Pettersen (66.min, Karianne Kvam Gurvin), Andrea Hopen (80.min, Marta Dalaker), Silje Torvanger, Ylinn Tennebø, Miriam Vilnes Mjåseth (69.min, Elemine Josefine Ellingsund Øyra)