2.div: Avaldsnes 2 - Kaupanger

Kaupanger låg under 1-0 til pause etter ein jamn fyrste omgang. 

I andre omgang fekk Kaupanger to store målsjansar tidleg, då både Silje Torvanger og Miriam Vilnes Mjåseth vart spelt fri aleine med keeper. Keeperen til heimelaget redda dessverre begge forsøka.

Avaldsnes 2 fekk straffe etter 48.min og auka leiinga til 2-0. Kaupanger hadde nokre gode moglegheiter til å redusere, men det ville seg ikkje. To stolpetreff og ein redning på strekk. 

Alt i alt ein fortent seier til heimelaget på ei frykteleg tung og blaut grasmatte i Haugesund.

Slik det ser ut no må Kaupanger vinne dei tre siste kampane for å vinne serien. Til helga møter me Klepp 2 på heimebane, deretter Haugar borte og Fyllingsdalen heime.  

Lag: Anne Marte Lingjerde, Marta Dalaker (57.min, Kristi Vangsnes), Andrea Hopen, Åshild Haugen, Lone Cirotzki (71.min, Stine Gjerde), Silje Torvanger, Karianne Kvam Gurvin (46.min, Ingrid Jåstad), Ylinn Tennebø, Jannike Orrestad Andersen (78.min, Siv Hickman), Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth