2.div: Arna Bjørnar 2 - Kaupanger

Arna Bjørnar 2 starta kampen best og tok leiinga 1-0 etter 16.min ved Karoline Haugland. Kaupanger heva seg etter kvart nokre hakk. Både Åshild Hereid Haugen og Miriam Vilnes Mjåseth hadde målsjansar som dei burde omsett bedre.

Eit minutt på overtid i fyrste omgang kom endeleg utligninga vår. Tea Berteig skaut frå 25 meter og ballen gjekk i boge over ein elles god Arna Bjørnar 2 keeper.

I andre omgang fortsette me å produsera målsjansar. Miriam var frampå gjentatte ganger, men ballen vil ikkje inn i mål. Debutant i 2.div Kristi Vangsnes fekk også ein stor sjanse på corner, men fekk ikkje heada ballen i mål. 

Heimelaget var dessverre dødeleg effektive og kontra inn 2-1 etter 72.min ved Mathilde Haugland.

Kaupanger jakta mål og fekk det endeleg etter 88.min ved Birte Øvsthus. Tea la ei godt innlegg til Åshild. Ho skaut først ballen i stolpen, deretter skaut ho returen på keeper og i motsatt stolpe. Birte dukka opp på returen og breisida ballen i mål.  Dette var ein veldig fortent utligning!

Fleire mål vart det ikkje og det enda dessverre med poengdeling. 

Arna Bjørnar 2 - Kaupanger2-2 (1-1)
1-0 Karoline Haugland (16. min)
1-1 Tea Berteig (45. min+1) 
2-1 Mathilde Haugland (72. min)
2-2 Birte Øvsthus (88. min)

Laget: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki (75.min, Stine Gjerde), Ingri Ness, Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad Andersen, Birte Øvsthus, Karianne Kvam Gurvin (63.min, Marta Dalaker), Andrea Hopen (72.min, Ingrid Jåstad), Tea Berteig (C), Rebekka Bergum Skaasheim (75.min, Kristi Vangsnes), Miriam Vilnes Mjåseth.