1.divisjon: Urædd - Kaupanger

Kampfakta 1. divisjon kvinner
Urædd - Kaupanger  3-1 (1-1)

1-0 Inger Vadder Sandland, straffe (38. min)
1-1 Ylinn Tennebø (54. min)
2-1 Mari Fuglseth Aakre (89. min)
3-1 Inger Vadder Sandland (90. min)

Lag: Linn-Mari Nilsen, Anna Gloppen, Henriette Jagedal (90.min, Siv Hickman), Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Vårin Ness, Karianne Kvam Gurvin (46.min, Marie Ruud Pettersen), Ingrid Jåstad, Ylinn Tennebø, Silje Torvanger, Lea Willumsen (63.min, Andrea Henjesand)

Me gjekk på eit surt tap mot Urædd. Det såg lenge ut til å bli 1-1, men Urædd fekk scora to kjappe mål på slutten av kampen. Me ser likevel framover med positivitet og optimisme no når me tar sommarferie. 

Etter endt vårsesong så ligg me på ein åttande plass på tabellen. Det er me rimeleg godt fornøgde med sidan me er eit nyopprykka lag. Laget har gitt alt i kvar kamp og me har fått med oss mange god resultat. Borteseieren mot Byåsen peika seg spesielt ut som ein veldig god prestasjon. Me har brukt 21 spelara på 11 kampar. 12 av desse spelarane er under 19 år. Snittalderen på dei som har spelt 1.divisjon for Kaupanger er på 20 år. 

Me mista Miriam Vilnes Mjåseth (18) med ein alvorleg kneskade. Det var utruleg synd for både ho og laget. Heldigvis har me fleire målscorar på laget. Silje Torvanger (26) har stått fram og tatt scoringsansvar i Miriam sitt fråvær. Me ser fram til at du kjem tilbake på fotballbana Miriam!

Det er også verdt å legge merke til at både Stine Gjerde (17) og Ingrid Jåstad (16) har starta åtte kampar kvar i 1.divisjon. I fjor starta begge kun ein kamp kvar i divisjonen under. I tillegg har både Ingeborg Osland (16) og Andrea Henjesand (17) fått prøvd seg frå start i ein kamp i 1.divisjon. Andrea har også fire kampar som innbyttar. Begge to hadde kun nokre få innhopp i fjor. 

Dei nye signeringane, Lea Willumsen (24) og Anna Gloppen (17), har bidratt godt. Lea har starta sju kampar og fått to innhopp. Ho har i tillegg bidratt med to scoringar og to assist. Anna har fått tre kampar frå start og tre innhopp. Den tredje signering Helena Navarsete (15) har vore plaga med skadar og sjukdom. Men ho har likevel fått med seg seks kampar på KIL 2 og to J19 kampar i NM. Alle tre har vore eit friskt pust inn i Kaupanger!

Vidare er me veldig glad for at Henriette Jagedal (22) gjorde comeback etter at ho gav seg i fjor sommar. Ho har vore ein bauta i midtforsvaret saman med Åshild Haugen (27).

Det er også kjekt at Linn-Mari Nilsen (19) har etablert seg igjen på Norge sitt J19 landslag. I tillegg har Ingrid Jåstad (16) spelt landskampar for Norge sitt J16 landslag. 

Til slutt så vil me takka Adriana Carreno (t.v på bilde under) for oppholdet i Kaupanger. Ho kom over frå USA og har vore i treningsgruppa i over ein månad. Ho har fått sett Norge på kryss og tvers. Adriana fekk ingen offisielle kampar for Kaupanger. Likevel håpar me ho har fått ein opplevelse for livet i Kaupanger, og ikkje minst med den fantastiske gjengen på Kaupanger damelag.

Takk til alle som har bidratt og støtta Kaupanger! God sommar!