1.divisjon: Kaupanger - Øvrevoll Hosle

Trenar Øystein Lindesteg Rinde sa dette til Sogn Avis:

Ingeborg Osland blei den store helten då Kaupanger spelte 0-0 mot Øvrevoll/Hosle søndag. 

- Det er sterkt å stå fram slik i debuten. Ho blei ein matchvinnar, og det er veldig bra å berga poeng for laget i sin første kamp i 1. divisjon, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

I sluttfasen kom gjestene åleine i gjennom, men då varta Osland opp med sin beste redning i kampen.

- Det var ein David de Gea-redning, der ho stod og stod og fekk skotet på seg, seier Rinde.

Kampen blei ein slitekamp mot eit fysisk Øvrevoll/Hosle, difor var trenaren nøgd med å få med seg eitt poeng.

Og gleda blei ikkje mindre av at fleire nye spelarar enn Osland tok vare på sjansen.

- Berre fire av dei elleve som starta opprykkskvalifiseringen i fjor spelte no. Det seier sitt om utskiftningane i laget vårt, og eg er veldig glad for at desse unge står løpet og tek krigen heile kampen, seier Rinde.

1. divisjon kvinner
Kaupanger - Øvrevoll Hosle  0-0 (0-0)

Lag: Ingeborg Romstad Osland, Stine Gjerde, Henriette Jagedal, Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad, Silje Torvanger, Marie Ruud Pettersen (67.min, Karianne Kvam Gurvin), Ingrid Jåstad, Andrea Henjesand (52.min, Siv Hickman), Lea Willumsen, Silje Torvanger, Vårin Ness (77.min, Lone Cirotzki)