1.divisjon: Fløya - Kaupanger

Etter kampen sa trenar Øystein Lindesteg Rinde dette til Sogn Avis:

Topplag
- Me møter eit topplag på bortebane langt oppe i nord, så dette er eit sterkt poeng. Det kunne bikka begge vegar, men dette var ein ny, godt gjennomført kamp frå vår side. Me er vanskelege å slå, og er nøgde med eitt poeng i dag, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde etter kampen i Tromsø.

I føringa
Kaupanger tok leiinga like før timen var spelt. Ylinn Tennebø spelte til Vårin Ness ute på høgresida, som slo vidare inn til Lea Willumsen på bakre stolpe.

Ho slo i støtte til Torvanger, som igjen dribla seg fri og lobba ballen over heimelagets keeper.

- Spesielt i første omgang var me betre med ball, der me klarte å spela fleire pasningar på deira halvdel og torte å pressa høgare. Spelarane jobba jamt og trutt, og me er nøydd til å vera gode i lag. Det lukkast me med i dag, seier Rinde.

Gode borte
Dermed held dei grøne fram med å levera varene på bortebane. På fire kampar har det berre blitt eitt tap, medan Bossekop og Byåsen er slått.

- Eg er veldig nøgd med korleis me har utvikla oss som lag og teke nivået, seier Rinde.

Fløya– Kaupanger 1–1 (0-0)

1. divisjon, 10. serierunde, Fløya Arena, laurdag 16. juni

0–1 Silje Torvanger 58 min,

1–1 Benedicte Bednarczyk, 74 min.

Kaupanger (4–2–3–1: Linn-Mari Nilsen – Jannike Orrestad Andersen – Henriette Jagedal, Åshild Haugen – Stine Gjerde – Karianne Kvam Gurvin, Lea Willumsen (Kristi Vangsnes frå 90.) – Vårin Ness, Ylinn Tennebø, Tea Berteig (Andrea Henjesand frå 85.) – Silje Torvanger