1.divisjon: Byåsen - Kaupanger

Etter kampen sa Lea Willumsen dette til Sogn Avis

- Det vart ein veldig jevn kamp, kanskje hadde Byåsen også eit lite overtak, men eg tykkjer me jobba skikkeleg bra i da. Me var veldig solide defenstivt og gjer den jobben me skal, held dei på avstand og får skapt nokon veldig gode overgangar der me sjølve er farlege, oppsummerer Willumsen.

Ho seier det gjorde godt å gje Kaupanger leiinga etter eit snaut kvarter. 
- Det er klart, det gjev eit veldig boost i det me visste ville bli ein tøff kamp, så det å få ei skåring såpass tidleg var viktig for kunne fa energien til å jobba vidare inn i kampen, seier Willumsen. 

Ho skåra sjølv Kaupanger sitt mål nummer to for dagen, eit kvarter ut i andre omgang.
- Og me veit at 2-0 er ei farleg leiing å ha, det vart diverre også 2-1 etterkvart, det var kanskje litt unødvendig, men me greier å holda ut og holda stand, seier den danske midtbanespelaren.

1. divisjon kvinner
Byåsen KF - Kaupanger 1-2 (0-1)

0-1 Lea Vindelev Willumsen (14. min)
0-2 Lea Vindelev Willumsen (59. min)
1-2 Kristin Jørgensen (69. min)

Lag: Linn-Mari Nilsen, Stine Gjerde (72.min, Anna Gloppe), Henriette Jagedal, Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Silje Torvanger, Ingrid Jåstad, Marie Ruud Pettersen (76.min, Karianne Kvam Gurvin), Ylinn Tennebø (35.min, Andrea Henjesand), Vårin Ness, Lea Willumsen.