1.div: Kaupanger - Åsane

Kaupanger spela ein feiende flott 1.omgang og leda fortjent 1-0 til pause. Nok ein gong var det duoen Lea Willumsen og Silje Torvanger som ordna eit mål. Lea slo ein vakker gjennombrotspasning til Silje, som kom aleine med keeper, og satte ballen kontant i mål i det 8.min.

 Silje Torvanger

Silje Torvanger

I 2.omgang kom Åsane meir med og det vart ein rotete kamp for Kaupanger sin del. Men laget forsvara seg godt og kjempa inn ein viktig 1-0 seier. Dette var årets fyrste heimeseier og den smakte utruleg godt. 

Neste helg møter me Urædd på bortebane. Dette er den siste kampen før me tar sommarferie. 

1. divisjon kvinner
Kaupanger - Åsane  1-0 (1-0)

1-0 Silje Torvanger (8. min)

Lag: Linn-Mari Nilsen, Stine Gjerde (77.min, Lone Cirotzki), Anna Gloppen, Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Vårin Ness, Karianne Kvam Gurvin (64.min, Marie Ruud Pettersen), Ylinn Tennebø, Tea Berteig, Lea Willumsen (81.min, Siv Hickman), Silje Torvanger