1.div: Grei - Kaupanger

i minutt før slutt i oppgjeret mellom Kaupanger og Grei gjekk Mjåseth inn i ein takling, der ho vrei kneet sitt og blei liggjande med store smerter.

- Ho måtte hentast med ambulanse og vart sendt på legevakten, seier Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde.

- Me fryktar det verste, men håpar sjølvsagt på det beste. Miriam skal på MR på onsdag. Då får ein svar på kor alvorleg skaden er. 

Grei vann til slutt 1-0. - Det var fullt fortent at dei vann. Grei er betre enn oss og me er ikkje på det nivået me skal vera på. Me vart til tider rundspelt, seier han.

Lag: Linn-Mari Nilsen, Stine Gjerde, Henriette Jagedal, Åshild H. Haugen, Jannike O. Andersen, Silje Torvanger, Karianne Kvam Gurvin (46.min, Andrea Henjesand), Ingrid Jåstad, Ylinn Tennebø (46.min, Marie Ruud Pettersen), Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth (82.min, Siv Hickman)

Ubenytta reserve: Lone Cirotzki.