1.div: Bossekop - Kaupanger

Heimelaget tok leiinga 1-0 etter 22 minutt, men utover i kampen kom me meir til sin rett. Miriam Vilnes Mjåseth laga balanse i kampen etter 47 minutt spel. 

Tre minutt seinare sende Ylinn Tennebø Kaupanger opp i leiinga, og ni minutt før full tid klinka Miriam Vilnes Mjåseth inn sitt andre og Kaupanger sitt tredje mål for dagen. Dermed sikra me sesongens første siger i 1. divisjon, og står med fire poeng etter to kampar.

1. divisjon, 2. serierunde, Coop Arena, laurdag 21. april

Bossekop–Kaupanger 1–3

Mål: 1–0 Johanne Bjørnå 22. min, 1–1 Miriam V. Mjåseth 47. min, 1–2 Ylinn Tennebø 50. min, 1–3 Mjåseth 81. min

Gule kort: Anna Gloppen og Ingrid Jåstad, Kaupanger

Kaupanger (4–2–3–1): Linn-Mari Nilsen – Jannike Orrestad Andersen, Henriette Jagedal, Åshild Haugen, Anna Gloppen (Karianne Kvam Gurvin frå 46.) – Ingrid Lovise Jåstad, Marie Ruud Pettersen – Tea Berteig, Ylinn Tennebø, Silje Torvanger – Miriam Vilnes Mjåseth (Marta Dalaker frå 87.)