Stordugnad på anlegget laurdag 9. september!

9. september, frå kl. 09, blir det stordugnad på Kaupanger idrettspark. Anlegget begynner å sjå veldig bra ut, men me håpar du vil vere med å ta eit tak saman med oss for å gjere siste finpuss.

Einar Dalaker og co begynner alt torsdag og fredag kveld med maskiner for å  planere uteområda. Det kjem til å vere arbeid på heile anlegget. Målet er å lage anlegget så vedlikehaldsvenleg som mogleg. Skråningar skal planerast, kratt skal hoggast, og området skal såast i slik at alt kan vedlikehaldast med beitepussar og plenklyppar.

Laurdag har me bruk for folk som kan hjelpe til med siste finpuss.

Arbeidsoppgåver:

  • skogrydding
  • raking og såing
  • montering av takrenner
  • montering av reklameskilt
  • demontere gamle innbyttarbenkar
  • rydde opp i premieskapa
  • reparere fotballmål og nett

Det blir felles lunsj, og kan hende ei sosial samling i kveldinga òg :)

Har du tid og lyst til å vere med på dette? Send ei melding til Åse Neraas, tlf. 91764903, eller på Facebook, så har me kontroll på kor mange me blir, og kva utstyr me treng. 

Bli med og ta eit tak for bygda!

-Kaupanger idrettslag-

 

 

 

KIL med høyringsuttale. Folkemøte i klubbhuset tysdag 27.6 kl 19.00

Jamfør forslag om oppretting av to naturreservat på Kaupanger så har KIL kome med uttale. Les uttalen i vedlegget. 

Det vert og skipa til eit informasjonsmøte om dette tysdag 27.6 klokka 19.00 i det nye klubbhuset til KIL på Kvernhushaugen. Møtearrangør er Fylkesmannen. KIL oppmodar alle som har spørsmål rundt dette til å møte opp på folkemøtet.

For KIL, Bjarte Ramstad, leiar