arrangement

Back to All Events

Strategiseminar om damefotballen i fylket

Korleis skal me jobbe saman for å skape eit best mogeleg grunnlag for eit stabilt 1. divisjonslag i Sogn og Fjordane? Dette er temaet når fotballstyret i Kaupanger IL inviterer til strategiseminar i klubbhuset på Kaupanger idrettspark.

Fotballstyret har diskutert dette temaet i haust, og me vil gjerne invitere alle som er interessert i damefotballen i fylket til å vere med i diskusjonen om vegen vidare. Kva er dagens situasjon? Kor vil me? Korleis oppnår vi måla våre? Kva tiltak må setjast inn for å nå desse måla?

Det blir lagt opp til fire hovudtema med ei innleiing for kvart:
1. Sport (Edwin Hjelmhaug)
2. Organisasjon (Torgeir Strypet)
3. Økonomi (Trine Lerum Hjellhaug)
4. Kultur (Lasse Opseth)

I tillegg... informerer Kjell Ertesvåg om arbeidet i aldersbestemt fotball i KIL.

Me deler inn og diskuterer både i små grupper og plenum. Og so satsar me på stort engasjement, godt oppmøte og fruktbare diskusjonar for å forme vegen vidare.

Me stiller med enkel servering :)