arrangement

Back to All Events

NFF Grasrottrenar del 1 onsdag 22.11 og torsdag 23.11


NFF Sogn og Fjordane ønskjer at alle trenarar og lagleiarar på alle nivå er skulerte for ferdigheitsutvikling i fotball. Dette vil gje trenerane tryggleik i høve utøvinga av treningsarbeidet, men også påfyll til personleg utvikling. I tillegg til fagleg påfyll, ynskjer vi at dette skal vere ein sosial arena for utvikling av samhaldet i klubben og det å lære av kvarandre.

Kurset er eit lågterskelkurs – alle kan og bør ta kurset. Det vil gi auka kompetanse og motivasjon, og gjer ein tryggare i trenarrolla. De får også kunnskap kring bruk av  treningsøkta.no, noko som vil redusere planleggingstid.

 NFF Grasrottrenar (C-lisens) består av fire delkurs. Kurset er i regi av NFF Sogn og Fjordane og instruktør vil vere Einar Ylvisåker.

 Onsdag 22. november:

Kl. 17.00-21.00: Teori og praktisk økt med Einar som instruktør og deltakarane som objekt.                                          

Torsdag 23. november:

Kl. 17.00-21.00: Teori. Praktisk økt med  spelarar frå barnefotballen som objekt. Deltakarane er trenarar. Oppsummering og diskusjon om vegen vidare.

 Kurset vert i klubbhuset og på banene i Kaupanger Idrettspark.

Earlier Event: November 7
Avslutning for aldersfastlagd fotball 2017