arrangement

Back to All Events

Fotballfest 2016


Fredag 2. desember vert det fotballfest i Skogly. No har både unge og "gamle" meldt seg på. Ta med deg gode vener og bli med på moroa! Påmeldingsfristen er tysdag 29. november.

Komiteen vil med dette invitere alle som har bidrege inn mot i Kaupanger Fotball, med følgje, til årets fotballfest. Utan dykkar innsats hadde ikkje vi klart å halde oppe den aktiviteten vi har. Tusen takk!
 
Festen finn stad i Skogly fredag 2. desember. Det vert middag, underhaldning og live musikk. Med middagen følgjer dessert. Og det ein vil drikke til maten må ein sjølv ta med seg.
 
Set fotballskoa på hylla for kvelden, og ta på finstasen!
Dørene opnar 19.30, middagen byrjar 20.00.
 
Velkommen til ein skikkeleg KIL- kveld!
Påmelding skjer ved at ein betalar kr 300,- til   
kontonr: 3705.26.10479 innan 29. november.
VIKTIG: Innbetaling merkast med namn!
 
Har du spørsmål? Ta kontakt med
Ingrid Hagen: tlf. 901 44 798

Venleg helsing fotballfest-komiteen.